Velkommen til ordspelet
Norsk Ordbok skal bli eit tolvbands ordboksverk over ordtilfanget i nynorsk skriftmål og dei norske målføra. Ordboka byggjer på målføreopplysningar frå heile landet, ikkje berre dei områda der nynorsk er det vedtekne skriftmålet.
Det Norske Samlaget tok i 1930 til med å samle inn grunnlagsmateriale, og det første heftet kom i 1950. Redaksjonen arbeidde utan ein fast utgjevingsplan, og eit nytt hefte kom når det blei ferdig.
Prosjektet fekk ein mellombels stopp på 1970-talet, då arbeidet med Nynorskordboka blei prioritert. Denne boka kom i 1986, og inneheld over 90 000 oppslagsord.
Band V (5) som kom i 2005 avslutta med ordet jåttut. Redaksjonen er då ferdige med orda til og med bokstaven J, og skal gi ut ytterlegare 7 band før prosjektet er fullført i 2014.
Tilbake