I Ordleiken har vi stokka rekkefølgja på bokstavane i ei rekkje ord.
Klarar du å finne ut kva ord som eigentleg skal stå her?
Ved å klikke på bokstavane i den øverste boksen flyttar du dei ned til boksen i midten. Gjer dette i den rekkefølgja du trur dei skal ha.
Viss du klikkar feil, kan du flytte bokstavane opp igjen ved å klikke på dei i den midterste boksen.
Viss du vil ha løysinga, klikkar du på "Sjå ordet" så kjem det rette ordet fram i den nederste boksen.
Ordleiken har tre ulike vanskegradar. På nivå 1 er det ord frå 4-6 bokstavar, nivå 2 har ord frå 6-8 bokstavar, medan nivå 3 er ord med meir enn 8 bokstavar.